Emily Sando
Emily Stang Sando (fødd 8. mars 1989) er ein norsk handballspelar frå Holmestrand. Målvakta vart europameister med Noreg i 2014.
Emily Sando | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. mars 1989 (35 år) Tønsberg |
Idrett | handball |
Sando var knytt til Larvik HK frå 2006 til -10. Deretter vakta ho i tre år målburet til Flint frå Tønsberg, før ho fekk kontrakt med danske Esbjerg, eit lag ho spelte på i fire år. Sommaren 2017 skifta ho over til HB Odense.
I tida 2010-20 deltok Sando i 30 landskampar. Då Noreg i desse åra hadde fleire av verdas beste målvakter i kvinne-handball, fekk ho berre få innhopp i landslaget. I si einaste meisterskapsturnering, Handball-EM 2014, imponerte ho stort i landskampen mot Ukraina, ein kamp Noreg vann 34-23. Meisterskapen enda med EM-gull til Noreg og Sando. Ho deltok i dei to fyrste kampane til Noreg under EM 2020 i Danmark, vart deretter bytta ut med Katrine Lunde.