Emma Ellingsen
Emma Ellingen (fødd 9. september 2001 i Tønsberg) er ein norsk modell og programleiar for TV 2. Ho er kjend for openheita si om å vere transkvinne i Noreg, og fleire norske medium har omtalt henne som eit førebilete for mange unge transpersonar.[1][2]
Emma Ellingsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. september 2001 (23 år) Tønsberg |
Yrke | internettpersonlighet, youtubar, TV-personlighet, modell |
Språk | norsk, engelsk |
Høgd | 1,77 meter |
Emma Ellingsen på Commons |
Bakgrunn
endreEllingsen vaks opp på Nøtterøy i Vestfold.[3][4] Som niåring fortalde ho familie og vener at ho følte seg som jente, ikkje som gut.[5][6] I 2014 vart ho kjend for ålmenta gjennom den norske dokumentarserien Født i feil kropp, som handla om eit utval barn og unge i Noreg som identifiserte seg som transpersonar.[7] Ho vart seinare ein av dei portretterte ungdommane i TV-serien Generasjon Z.
Karriere
endreI 2014 oppretta ho YouTube-kanalen Emma Ellingsen.[8] Innhaldet består av tutorials, video- og reisebloggar. YouTube-videoen Jeg ble født gutt vann Gullsnutten i 2017 for årets beste video.[9] Ho byrja etter kvart å snakke engelsk i videoane sine for å nå ut til eit breiare publikum. Den fyrste engelskspråklege videoen hennar I'm transgender fekk internasjonal merksemd.[10][11][12][13] Per april 2022 hadde ho 431 000 abonnentar og 30 millionar visingar.[14]
Ellingsen er knytta til mediebyrået Kontent.[15]
Modellkarriere og mote
endreEllingsen har kontrakt med det København- og Oslo-baserte modellbyrået Heartbreak Management.[16] I 2018 tok ho eit friår frå skulen for å fokusere på modellkarrieren sin og publisering av innhald via sosiale medium.[3] I 2020 var Ellingsen med i den 13. sesongen av Bloggerne på TV 2. Der var ho ei av dei to nye deltakarane i programmet og også blant dei yngste som var med.
Ellingsen slo igjennom med modellkarrieren i 2018 med at ho var på framsida av det internasjonale motebladet W Magazine. Der vart ho omtala som Noregs Kendall Jenner.[17] Ellingsen har også vore på forsida av Elle Norge,[18] amerikanske L’officiel,[19] og to gongar på framsida av Det Nye. Ho har samarbeidd med gullsmedfirmaet David Andersen om ein smykkekolleksjon som vart lansert i 2019.[20] I tillegg har ho lansert ein kleskolleksjon saman med NA-KD.[21]
Sommaren 2020 hadde Ellingsen eit samarbeid med kleskjeda Gina Tricot saman med influensarane Matilda Djerf, Tina Maria Hansen, Maja Nilsson Lindelof, Vanessa Moe og Anna Eriksson.[22]
I november 2020 lanserte Ellingsen sminkemerket «Emma Ellingsen Beauty».[23][24]
Media
endreMediefråsegner
endreI NRK har Ellingsen uttala seg om at tilbodet av behandling av personar med kjønnsinkongruens på sjukehusa er for dårleg. I dag er det berre Rikshospitalet som tilbyr hormonelle og kirurgiske inngrep. Dette gjer at det blir lang reiseveg for mange.[25]
Deltakingar på fjernsyn
endre- 2014: Født i feil kropp, TV 2
- 2018–2019: Generasjon Z, TV 2
- 2019: Glow Up, TV 2
- 2020–2021: Bloggerne, TV 2
- 2021: Emmas stemme, TV 2
- 2022: Annerledes, TV 2
Utmerkingar
endreTV 2 sin dokumentarserie Født i feil kropp, som Ellingsen medverka i, vann Gullruten i 2015 for årets beste dokumentarserie.[26][27]
I 2018 mottok Ellingsen sjølv ein pris, som «Årets influencer» på Se & Hør sin kjendisgalla.[28] I 2019 fekk ho føretaket Asans heiderspris «gullvaginaen», som vart gjeven ut gjennom podkasten Tusvik & Tønne.[29]
Kjelder
endre- ↑ Evensen, Janni Elena Hvidsten (8. juli 2020). «Emma Ellingsen (18) synes det nye tilbudet i Vestfold er nødvendig». NRK (på norsk bokmål). Henta 1. september 2020.
- ↑ Eilertsen, Henriette (19. november 2019). «Emma Ellingsen: - Venter fortsatt på kjønnsoperasjon». dagbladet.no (på norsk). Henta 1. september 2020.
- ↑ 3,0 3,1 Eckardt, Stephanie (17. september 2018). «Norway's Rising Kendall Jenner Wants You to Know That She's Transgender». W.
- ↑ «Emma Ellingsen». www.facebook.com (på norsk bokmål). Henta 5. september 2020.
- ↑ «YouTube Star Emma Ellingsen Comes Out As Transgender». Girlfriend (på engelsk). Henta 23. august 2020.
- ↑ Onedio.com. «Dünyanın En Güzel Trans Bireyi Olarak Gösterilen Norveçli Model Emma Ellingsen».
- ↑ «Norwegian Model Emma Ellingsen On Discovering Her Identity - L'Officiel». www.lofficielusa.com (på engelsk). Henta 23. august 2020.
- ↑ «Emma Ellingsen ( YouTube Star) Bio, Wiki, Age, Career, Net Worth, Transgender, Instagram». Bio gossipy (på engelsk). 11. mars 2018. Henta 23. august 2020.
- ↑ NTB, Maiken Alm / (2. april 2017). «Emma (15) fra Nøtterøy vant Gullsnutten for årets beste video». Tønsbergs Blad (på norsk). Henta 2. mars 2021.
- ↑ «I'm transgender». www.youtube.com (på norsk bokmål). 24. juni 2017. Henta 11. september 2020.
- ↑ «Norway’s Rising Kendall Jenner Wants You to Know That She’s Transgender». W Magazine (på engelsk). Henta 2. mars 2021.
- ↑ «YouTube Star Emma Ellingsen Comes Out As Transgender». Girlfriend (på engelsk). 3. juli 2017. Henta 2. mars 2021.
- ↑ St. Cloud, Ephram (28. juni 2017). «Yes, I’m transgender says Norwegian Emma (15)». mysocalledgaylife.co.uk (på engelsk). Henta 2. mars 2021.
- ↑ «Emma Ellingsen - YouTube». www.youtube.com. Henta 30. september 2021.
- ↑ «Ledige stillinger». Kontent.no (på norsk bokmål). Henta 30. september 2021. «Kontent AS er et influencer- og content-byrå med noen av Norges største influencere i stallen, blant andre Anniken Jørgensen og Emma Ellingsen.»
- ↑ «Europe's Next Kendall Jenner Wants Fans To Know She is Transgender». InsideHook (på engelsk). Henta 23. august 2020.
- ↑ «Emma Ellingsen, Norway’s Rising Kendall Jenner, Wants You to Know That She’s Transgender». W Magazine (på engelsk). Henta 22. april 2022.
- ↑ «Emma Ellingsen: Jeg er opptatt av at alle mennesker skal bli sett, hørt, respektert og få like muligheter, uansett hvem de er eller hvor de kommer fra.». Elle Norge (på norsk). Henta 22. april 2022.
- ↑ «Norwegian Model Emma Ellingsen On Discovering Her Identity - Fashion beauty». L'Officiel USA (på engelsk). Henta 31. mars 2022.
- ↑ Kjellhov, Susanne (6. juni 2019). «Emma Ellingsen er David-Andersens nye ansikt». Costume.no (på norsk bokmål). Henta 31. mars 2022. «Jeg er sykt stolt og glad, sier Emma, som nå lanseres som ambassadør og smykkedesigner for David-Andersen (og følger i fotsporene til Camilla Pihl og Jenny Skavlan).»
- ↑ «Emma Ellingsen x NA-KD». NA-KD (på norsk). Henta 22. april 2022.
- ↑ «Summer staycation - Her finner du alt til sommeren! - Gina Tricot». www.ginatricot.com (på norsk). Arkivert frå originalen 11. august 2020. Henta 9. oktober 2020.
- ↑ «Emma Ellingsen Beauty er endelig her!». costume.no (på norsk bokmål). Henta 26. mars 2021.
- ↑ «MinMote.no - Norges største moteside». MinMote.no. Henta 26. mars 2021.
- ↑ Evensen, Janni Elena Hvidsten (8. juli 2020). «Emma Ellingsen (18) synes det nye tilbudet i Vestfold er nødvendig». NRK (på norsk bokmål). Henta 25. oktober 2020.
- ↑ «Nominert: «Født i feil kropp»». Gullruten. Arkivert frå originalen 14. mai 2021. Henta 2. mars 2021.
- ↑ «Født i feil kropp». HBRS (på norsk bokmål). Harry Benjaminsen Ressurssenter. 9. januar 2017. Henta 2. mars 2021. «Norsk dokumentarserie om kjønnsidentitetsproblematikk hvor vi følger et knippe personer på deres vei mot å få korrigert sitt kjønn. Emma er født som Tobias, Lise Marie har startet på hormonkur, Andrè er ferdig behandlet og har familie. Møt de tøffe menneskene som forteller åpenhjertig om hvordan livet i feil kropp er. Vant Gullruten for beste dokumentarserie i 2015.»
- ↑ Pedersen, Henrik Vinje (21. januar 2018). «Emma Ellingsen ble årets yngste vinner på Kjendisgallaen». seher.no (på norsk). Henta 2. mars 2021.
- ↑ «Om #gullvagina - asan». www.asan.no (på norsk). Arkivert frå originalen 4. mars 2021. Henta 2. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Emma Ellingsen» frå Wikipedia på bokmål, den 22. april 2022.