Enøk-senteret AS

Enøk-senteret AS er eit kompetansesenter innan klima, energi og energirelaterte område. Hovudprodukta er informasjon og rådgjeving til energibrukar innan bygg, anlegg og transport. Enøk-senteret har hovudkontor i Ørsta med avdelingskontor i Ålesund, og hadde 31.12.2016 sju tilsette.

På 1990-talet vart det etablert til saman 17 [1]enøk-senter kring i fylka i Noreg. Endra økonomiske føresetnadar gjorde at dei fleste av desse vart nedlagde. Enøk-senteret AS i Ørsta gjekk gjennom ei omstilling, og arbeider no med energiøkonomisering over heile landet. Selskapet er eigd av Nordplan.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. energikilden.no, arkivert frå originalen 20. september 2011, henta 29. mai 2011