Endetarmen eller rektum er den siste lineære porsjonen av tjukktarmen i somme pattedyr. Hjå menneske er den 12–15 centimeter lang,[1] og startar ved rektosigmoideum (enden av sigmoideum), på høgd med antan tredje korsvirvel eller promontorium columnae vertebralis, avhengig av definisjon.[2] I starten har den same kaliber som sigmoideum, men er noko utvida i terminalenden, der den formar ampulla recti. I menneske er endetarmen følgt av analkanalen, før tarmkanalen terminerer ved endetarmsopninga.

Endetarm

Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD012007
Skisse av kolon sett frå framsida (endetarmen er merka med raudt)

Struktur endre

Endetarmen er ein del av den nedre tarmkanalen. Den er ei fortsetjing av colon sigmoideum og er kopla til anus. Den følgjer same form som korsbeinet, og endar i eit utvida område kalla ampulla recti. Til skilnad frå tjukktarmen så manglar endetarmen taeniae coli.[3] :397

Endetarmen koplar til sigmoideum på høgd med S3 (sjå ryggsøyle), og koplar til analkanalen ved passasjen gjennom musklane i bekkenbotnen.[3] :397

Endetarmen har ei rekkje støttestrukturar:

  • Bekkenbotnen, forma av musculus levator ani
  • Fascia presacralis (Waldeyers fascie)
  • Laterale (sideliggande) ligament som er forma av kondensert fascie
  • Bukhinne (peritoneum)
  • Centrum tendineum perinei

Funksjon endre

Endetarmen virkar som ei mellomlagring for avføring. Når endetarmsveggane ekspanderer som følgje av oppfylling vil strekkreseptorarar frå nervesystemet, som finst i endetarmsveggane, stimulere ynsket om å defekere. Viss ynsket ikkje vert oppfylt vil materialet oftast returnere til kolon, der meir vatn blir trekt ut frå avføringa. Utsett defekasjon aukar risikoen for obstipasjon.

Når endetarmen vert full aukar det intrarektale trykket, og veggane i analkanalen blir pressa frå einannan slik at avføringa kan tre inn i kanalen. Når materialet kjem inn i endetarmen vert tarmen kortare, og peristaltiske bølgjer propellerer avføringa ut av endetarmen. Den indre og ytre lukkemuskelen (sfinkter) slepp avføringa ut ved å trekke anusen over avføringa.

Kjelder endre

  1. «12. Colon and Rectum», AJCC Cancer Staging Atlas (PDF), American Joint Committee on Cancer, 2006, s. 109, arkivert frå originalen (PDF) 12. juni 2018, henta 7. desember 2014 
  2. al.], senior editors, Bruce G. Wolff (2007). The ASCRS textbook of colon and rectal surgery. New York: Springer. ISBN 0-387-24846-3. 
  3. 3,0 3,1 Drake, Richard L.; Vogl, Wayne; Tibbitts, Adam W.M. Mitchell; illustrations by Richard; Richardson, Paul (2005). Gray's anatomy for students. Philadelphia: Elsevier/Churchill Livingstone. ISBN 978-0-8089-2306-0.