Stortingets energi- og industrikomité
(Omdirigert frå Energi- og industrikomitéen)
Stortingets energi- og industrikomité var ein fagkomité på Stortinget frå stortingsvalet 1981 til stortingsvalet 1993.
Komitéleiarar i løpet av denne tida var Reidar Due 1981–1988 og Ole Gabriel Ueland 1988–1993, begge frå Senterpartiet.
Komiteen overtok for det meste arbeidsoppgåvene til Industrikomiteen. Komiteen blei i 1993 erstatta av Energi- og miljøkomiteen og Næringskomiteen.