Energiloven (fullt namn Lov om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m.) er ein norsk lov som har til formål å sikra at «produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi foregår på en samfunnsmessig rasjonell måte.» Mellom anna skal ein ta omsyn til allmenne og private interesser som blir rørte.[1]

Lova blei vedtatt av Stortinget 29. juni 1990 og tredde i kraft 1. januar 1991, med unntak av visse reglar som fekk umiddelbar verknad.[2] Han innførte ein marknad for kjøp og sal av elektrisk energi, og dermed også ei meir marknadsstyrt energiutbygging som var mindre avhengig av politiske vedtak enn før.[3]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre