Enevold Brandt
dansk greve
Enevold Brandt (fødd 1738 i København, død 28. april 1772 i København) var ein dansk greve. Han fekk i 1769 ei stilling som kammerherre ved kong Kristian VII av Danmark-Noreg sitt hoff.
Enevold Brandt | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 7. september 1738 København |
Død |
28. april 1772 (33 år) |
Yrke | dommar, politikar |
Enevold Brandt på Commons |
Brandt vart ein samansvoren av Struensee. Struensee skaffa seg sterk innverknad på statsstyringa, i og med at kongen var psykisk sjuk. Dei vart arrestert saman natta til den 17. januar 1772, tiltalt og dømd for majestetsfornærming. Dommen vart sett ut i livet på Øster Fælled den 28. april 1772. Struensee og Brandt fekk begge fyrst hogge av høgre hand, og kort etter heldt bøddelen opp hovuda deira framfor folkemengda. Kroppane vart parterte og lagt på steile og hjul. Hovuda og hendene vart sett på ein stake.