Engebret-rørsla (vanlegare: Engebret-bevegelsen) var eit nettverk av kvinnelege journalistar i Oslo. Nettverket eksisterte i rundt ti år frå det første møtet hausten 1974. Det siste møtet i regi av rørsla vart halde 18. mars 1985.[1]

Frå Engebret-rørsla sitt siste møte, 18. mars 1985.
Foto: Anne Britt Kilvik
Engebret Café, der møta vart haldne.
Foto: Mahlum

Namnet fekk dei frå Engebret Café, den gamle samlingsstaden for Oslo-journalistane,[2] der møta vart haldne. Dei fem journalistane som tok initiativ til nettverket, var Gerd Benneche (Dagbladet)[a]; Reidun Kvaale (Aftenposten); Gerda Vislie (Aftenposten); Anne Lise Stafne (Dagbladet) og Harriet Eide (Dagbladet). Invitasjonen til første møte kom gjennom ein liten annonse i fagbladet Journalisten, oktober 1974. «Noe å snakke om?» var tittelen på annonsen, der kvinnelege journalistar vart inviterte til eit uformelt møte på Engebret café. På møtet 4. november 1974 var meir enn 60 kvinner til stades.[3]

Journalistyrket var på denne tida svært mannsdominert, og rørsla vart etablert som ein protest mot eksisterande strukturar og konvensjonar i yrket. Nettverket var ei debatt- og pressgruppe, som arbeidde for likestilling, hovudsakleg gjennom Norsk Journalistlag (NJ), men utan direkte tilknyting til journalistlaget. Dei ynskte å vera ei uformell rørsle.[4]

Tema som vart tekne opp var krav om likeløn og betre arbeidsvilkår, og spørsmålet om det fanst ein eigen kvinneleg journalistikk vart drøfta. Etterkvart tok fleire av deltakarane verv i journalistlaget, som dermed fekk sin første kvinnelege faglege sekretær, nestleiar og leiar. I 1981 vart NJ sitt likestillingsutval oppretta, og i 1983 vart det fatta vedtak om kjønnskvotering.[5] Likestillingsarbeidet vart no ivaretatt av Norsk Journalistlag, og Engebret-rørsla vart oppløyst.[6]

Bevegelsen hadde sitt tyngdepunkt i årene -74 til -80, så døde den gradvis ut. Men det betyr ikke at kampen døde hen, den bare flyttet seg. Anne Lise Stafne (2007).[7]

Merknadar endre

  1. Nokre kjelder, til dømes Møst og Tovsen, nemner ikkje Benneche, medan Lindstad og Utheim nemner henne som ein av initiativtakaranene. Utheim omtaler henne til og med som ein viktig person i oppstarten av rørsla, av di ho var jurist, og allereie hadde tillitsverv i NJ

Kjelder endre

  1. Utheim (2009), s. 82
  2. Møst (1994), s. 23
  3. Lindstad (2009)
  4. Utheim (2009), s. 78
  5. Utheim (2009), s. 104
  6. Utheim (2009), s. 2
  7. Stafne (2007)