Engesetfonna var ei snøfonn som råka bustadområdet Engeset nær Ørsta sentrum 10. februar 1979. Tre menneske, av dei to barn, miste livet.

Bakgrunn endre

Etter snøver i desember 1978 vart det fleire veker med sterk kulde. Mange stader vart snøen omdanna til skare og rennsnø. I byrjinga av februar kom fleire dagar med nordleg vind og sterkt snøfall. Særleg i nordvende lesider samla det seg store snømengder.

9. og 10 februar gjekk det fleire snøfonner i Ørsta. Om morgonen fredag 9. februar vart ein brøytebil teken av ei fonn ved Skarbø ytst på Hjørundfjordstranda. Sjåføren vart ikkje funnen trass i at det vart leita med mannskap på land og dykkarar i fjorden.

Om lag klokka 4.30 natt til laurdag 10. februar vart ein trakkemaskin med to mann teken på Bondalseidet. Den eine kom seg fri og fekk varsla. Den andre vart funnen i live av hjelpemannskap etter om lag 3 timar.

Engesetfonna endre

Klokka 7.45 trefte fonna dei øvste husa på Engeset. Ni bustadhus vart råka og meir eller mindre knuste. Nede på flata var fonna om lag 150 meter brei, og 300 - 500 meter lang. Eit svært omfattande redningsarbeid vart sett i gang. Mellom 800 og 1000 personar tok del i leitearbeidet. På det meste grov 500 personar i dei 4-5 meter høge snømassane. Redningsarbeidet var vanskeleg, då det låg mykje bygningsrestar i snøen. Etter vel 14 timar vart den siste av dei omkomne funnen.

Engesetfonna var i røynda to store mjellsnøfonner som losna om lag samstundes øvst i fjellsidene mellom Engesethornet, Kyrkjetinden og Saudehornet. Dei kom ned gjennom det same gjelet. Brotkanten var om lag 1000 meter lang og truleg nærmare 2 meter høg. Skredforskarar har rekna snømengda til minst 500 000 m³, kanskje det største kjende snøskredet i Noreg.

Kjelder endre

  • Magne Ivar Sætre: Fonnulukkene i 1979. Ørsta Røde Kors Hjelpekorps 50 år Ørsta 1992