Enningdalen er eit kyrkjesokn i Halden kommune med i kring 900 ibuarar, mot 1510 i 1946. Soknet dekker 193,7 kvkm og er eit lågt åsland lengst søraust i Noreg med i alt 131 vatn. Kyrkja er bygt i 1775 og ligg på Prestbakke ved sørenden av Ørsjøen. Frå Enningdalen går tre vegar inn i Sverige; til Strömstad, Bullaren og Ed.

Under Krigen mot Sverige i 1808-09 stod to slag i Enningdalen. Det fyrste fann stad ved Prestbakke 10. juni 1808, medan eit større og meir avgjerande slag stod ved Berby den 12. september 1808.

KjelderEndra