Epilimnion
Epilimnion er det øvste laget i ein termisk lagdelt innsjø under ein sommarstagnasjon. Laget ligg over det djupare hypolimnion. Det er varmare og har typisk høgare pH, men mindre oppløyst oksygen enn hypolimnion.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9b/Lake_Stratification_%2811%29.svg/220px-Lake_Stratification_%2811%29.svg.png)
Ⅰ. Epilimnion
Ⅱ. Metalimnion
Ⅲ. Hypolimnion
Tjukkleiken på dette vasslaget vert i hovudsak bestemt av det arbeidet vinden kan utføre på vassflata. Det er òg fri utveksling av gassar mellom vatnet og lufta i dette laget. Sidan laget òg får mest sollys, inneheldet det mest planteplankton. Når dei veks og reproduserer seg, tar dei opp næringsstoff i vatnet, og når dei døyr søkk dei ned i hypolimnion, som gjer at epilimnion vert tømd for næringsstoff.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Epilimnion» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2011.