Opna hovudmenyen
Per Degn synger for en snaps (1865) av Wilhelm Marstrand.

Erasmus Montanus er ein komedie skriven i 1723 av Ludvig Holberg.

Stykket handlar om den unge Rasmus Berg som har reist til København for å studere. Etter nokre år kjem han attende til heimbygda som ein lærd mann. Han har latinisert namnet til Erasmus Montanus, og opptrer arrogant og betrevitande overfor alle. Han meiner han er for fin til å ha ein bonde til bror. Han er nær ved å miste kjærasten for vitskapen, og skapar uro og snakk i bygda; folk meiner han spreier vranglære når han seier at jorda er rund.

Holberg har i komedien brodd både mot trongsynte bygdefolk og betrevitande lærde.

RollerEndra

  • Erasmus Montanus / Rasmus Berg, hovudperson
  • Jeppe Berg, far hans
  • Nille, mor hans
  • Jacob, bror hans
  • Elisabeth, kjærasten
  • Jeronimus, far hennar
  • Magdelone, mor hennar
  • Per Degn, klokkar i bygda
  • Jesper Ridefogd
  • Ein løytnant
      Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.