Ergonomi
Ergonomi er eit omgrep som vert nytta om bruk av vitskaplege metodar for å legga til rette og betra arbeidsmiljøet. Fagfeltet femnar vidt og omfattar utforming av arbeidsplassen, ljos, varme, vibrasjon, støy og liknande som har innverknad på sikkerheit, helse og trivsel. For operatørar av alle slags maskiner og verktøy er det viktig at dei er rett utforma, slik at dei ikkje skadar eller er til ubehag for brukaren. Rett ergonomi kan auka trivselen og redusera skadar og slitasje og dermed òg sjukefråvær. Innan mange felt er det vedteke standardar og forskrifter som regulerer ymse ergonomiske tilhøve.