Erik Martinusson Løken

Erik Martinusson Løken (7. august 182026. november 1871) var ein norsk gardbrukar, lensmann og politikar frå Eid i Nordfjord.

Erik Martinusson Løken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1820
Død

26. november 1871 (51 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Løken var gardbrukar på farsgarden i Eid. Han var ordførar i heradsstyret, sparebankdirektør og forlikskommissær.

Løken var stortingsmann frå Nordre Bergenhus 1854-1871. Han var 1854 medlem av budsjettkomiteen, 1857 vegkomiteen, 1859-60 sekretær i gasje- og pensjonskomiteen, 1862-63 medlem av Lagtinget og komiteen om matrikkellova. 1865-66 og 1868-69 medlem av Lagtinget og sekretær i gasje- og pensjonskomiteen. Siste sesjonen, 1871, var han medlem av Lagtinget, valkomiteen og sekretær i konstitusjonskomiteen.

År 1871 vart Løken lensmann i heimbygda, men han døydde på garden sin om hausten same året.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914