Erlangen-programmet

Erlangen-programmet var ei programerklæring for geometrien som vart lansert av Felix Klein i Erlangen i 1872. Tesen til Klein var at geometri er «studiet av eigenskapane til ei mengd som er invariante når elementa i mengda er underlagt verknaden av ei gruppe av transformasjonar». Dette har hatt stor innverknad på moderne matematikk, og har mellom anna ført til at geometrien har vorte algebraisert.

Kjelder

endre

«Erlangen-programmet» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 10. november 2011.