Erling Engan

norsk politikar

Erling Engan (14. juni 19109. mai 1982) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Saltdal. Han var stortingsrepresentant frå Nordland og Bondepartiet/Senterpartiet frå 1954 til 1973.

Erling Engan
Fødd 14. juni 1910
Saltdal
Død

9. mai 1982 (71 år)

Yrke politikar

Engan gjekk både trearbeidarskule og folkehøgskule i ungdomsåra, før han avslutta utdanninga med landbruksskule i 1936. Han tok i 1938 over farsgarden Engan, og arbeidde elles for Redningsselskapet som fylkessekretær i Nordland i tida 1939-47 og for forsikringsselskapet Brage frå 1947 til 1954.

Frå 1951 til 1979 var Engan formannskapsmedlem i Saltdal herad. Periodane 1951-54 og 1958-73 var han medlem av landsstyret i Senterpartiet. Hausten 1953 vart han vald til å representerte Nordland fylke på Stortinget, og seinare attvald fire gongar. På Tinget var Engan medlem i Administrasjonskomiteen dei fyrste fire sesjonane, sidan var han sekretær i Sjøfarts- og fiskerikomiteen frå 1958 til -65 og deretter hadde han i åtte sesjonar sete i Samferdslekomiteen, perioden 1969-73 var han nestformann i komiteen. I si siste periode på Stortinget var han også nestformann i Senterpartiet sitt gruppestyre.

Engan fekk Kongens fortjenstmedalje i gull i 1980.

KjelderEndra