Opna hovudmenyen

Ernst Motzfeldt (1. mars 184210. juni 1915) var ein norsk jurist og statsråd frå Kristiania. Ulrik Motzfeldt var far hans.

Ernst Motzfeldt
Ernst Motzfeldt.jpg
Fødd 1. mars 1842
Død

10. juni 1915

Yrke advokat, dommar, politikar

Ernst Motzfeldt tok juridisk embetseksamen i 1864 og studerte med stipend ved Uppsala universitet 1864–65. Han var høgsterettsadvokat i Kristiania frå 1869 og statsrevisor frå 1888 til 1890. Sidan var han assessor i Høgsterett frå 1890 til 1912.

Motzfeldt var med i Emil Stangs andre regjering 1893-95. Fram til juli 1894 var han den eine av to statsrådar ved Statsrådsavdelinga i Stockholm. Sidan var han sjef for Justisdepartementet til regjeringa gjekk av i november 1895.

KjelderEndra