Eru (alvisk for 'Den eine'), som og er kalla Ilúvatar ('Himmelfaderen'), er den nemninga alvane i Tolkien si dikting gir Gud.

Eru er ein skapande gud, men grip sjeldan inn i forholda i Ëa. Det daglege styringa vert overleten Manwë og dei andre maktene. Han er mest synleg i Silmarillion, og grip inn ved desse høva:

  • Eru overvaka og signa dvergane då dei vart skapte, sjølv om dei ikkje var skapte av han sjølv.
  • Eru tok omsyn til Yavannas bøn og gav Entane rom i Ëa. Det same gjorde han med ørnene.
  • Eru lydde på bøna til Lúthien og endra lagnaden hennar slik at ho kunne døy som menneske.
  • Eru greip inn då flåta frå Númenor gjekk til åtak på Aman i andre heimsæva. Han sytte for at verda vart omskapt og dei udøydelege landa tekne bort frå den fysiske verda.

I Ringdrotten vert Eru nemnd indirekte ein gong, og då i soga om Aragorn og Arwen, då Aragorn skal døy. Her vert dauden omtala som «gåva den eine gav menneska». Elles vert ikkje Eru nemnd på noko vis i den boka.

Tolkien, som var kristen, gjev små ymt om at den same Eru skal gripe inn seinare i verdssoga, gjennom inkarnasjonen og oppståinga.