Estoniaforliset i 1994 var den største skipsulukka i Europa etter andre verdskrigen. Den estisk-svenske passasjerferja MS «Estonia» kantra natt til 28. september 1994 utanfor munningen til Finskebukta og sokk etter kort tid. Ferja var på veg frå Tallinn til Stockholm og hadde 989 menneske ombord. 852 personar omkom. Seks nordmenn var blant dei omkomne, men flesteparten av dei omkomne var svenskar. 137 vart redda og overlevde. Forliset er framleis uoppklart.

Modell av MS Estonia i Tallinns Sjøfartsmuseum

Ulukkesforløpet endre

Natta då forliset skjedde skulle MS «Estonia» nå hamna i Stockholm kl. 08.30, og låg noko bak skjema. Klokka 23.55 vart det høyrt ein høglydt smell av metall mot metall. Havarikommisjonen meiner at lydane kom frå baugporten, som svikta under dei høge bølgjene. Tjue minutt seinare høyrdest to nye høge smellar, og straks etterpå fekk skipet ei kraftig slagside på om lag 40 grader. Kommisjonen meiner at lydane kom av at baugporten då brekte laus frå båten og drog med seg rampa som dekte for opninga til bildekket. Dimed vart bildekket snøgt fylt opp av havvatn.

På grunn av den kraftige hellinga, kunne ingen livbåtar sjøsetjast, men det vart sett ut tjue redningsflåtar. Mange vart fanga inni kabinane sine, men berre dei om lag 300 som greidde å koma seg ut på dekk i tide, fekk sjansen til å overleva. Dei fyrste naudsignala frå MS «Estonia» vart plukka opp av eit anna skip kl. 00.24. Mannskapet bad om hjelp, men dei fekk ikkje gjeve posisjonen sin før fem minutt seinare, grunna straumbrot. MS «Estonia» sokk kl. 00.53. Det fyrste skipet som kom til ulukkesstaden var MS «Mariella». Då oppfatta ikkje ekkoloddet nokon teikn til sjølve skipet nokon stad, men det vart observert flytande gjenstandar i vatnet.

Innan redningshelikoptera kom, hadde ein tredel av dei overlevande i vatnet allereie omkome av nedkjøling eller drukning. Til slutt var det mindre enn halvparten av dei som kom seg ut, som vart redda, og mange av dei er unge, sterke menn.

Ettermæle endre

MS «Estonia» vart aldri heva. Staden der skipet sokk, er i dag erklært som gravstad, og det er forbode å dykka der. 758 av dei omkomne er difor framleis sakna.

Den internasjonale havarikommisjonen konkluderte med at skipet forliste som følgje av ein teknisk feil på baugporten. Andre hevdar at tragedien ikkje var ei ulukke.

Kjelder endre

  • Aftenposten, 20. september 2014: Lørdag, del 1: "Mayday. Mayday. Det ser virkelig ille ut nå." Om Estoniaforliset. Journalistar: Robert Veiåker Johansen, Nina Selbo Torset og Sofie Gran Aspunvik.

Bakgrunnsstoff endre