Ethelreda Lewis
Ethelreda Lewis (fødd Ethel Howe[treng kjelde]), 1875–1. august 1946 var ein sørafrikansk forfattar av engelsk opphav. Ho er kjent for å ha gjeve bøkene om og av Trader Horn eit litterært språk. Lewis nytta også pseudonymet R. Hernekin Baptist.
Ethelreda Lewis | |
Pseudonym | R. Hernekin Baptist |
Statsborgarskap | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 1875 Derbyshire, Matlock Bath |
Død |
1. august 1946, 1946 (70 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar |
Ethelreda Lewis var fødd i Derbyshire i England, og kom til Sør-Afrika i 1904.[1] Ho var gift med dr. Joseph Lewis frå Cape Town.[treng kjelde] Ho døydde i Port Alfred i Kapp-provinsen i 1946.[1]
Lewis tilhøyrde den «kvite» folkegruppa i Sør-Afrika, men var politisk liberal.[2] Medan det berømte samarbeidet hennar med Trader Horn skildra eit eventyrarliv i det koloniserte Afrika, var hennar eigne verk sterkt kritiske til den imperialistiske utnyttinga av innfødde kvinner.[3]
Den første boka om Trader Horn kom på norsk som Trader Horn : Elfenbenskysten i tidenes morgen : den gamle kremmer Aloysius Horn's egenhendig skrevne erindringer og livshistorie i 1942.[4]
Verkliste
endre- The Harp (1925)
- The Flying Emerald (1926)
- Harold the Webbed, or the Young Vykings (1928) med Alfred Aloysius Horn
- Mantis (1929)
- The Waters of Africa (1929) med Alfred Aloysius Horn
- Four Handsome Negresses (1931) som R. Hernekin Baptist
- Wild Deer (1933) som R. Hernekin Baptist
- A Cargo of Parrots (1937) som R. Hernekin Baptist
- Love at the Mission (1938) som R. Hernekin Baptist
Bakgrunnsstoff
endre- Ethelreda Lewis. Verk og e-tekstar ved unz.org
- Trader Horn; being the life and works of Alfred Aloysius Horn: an "old visiter" ... / the works written by himself at the age of seventy-three and the life, with such of his philosophy as is the gift of age and experience, taken down and here edited by Ethelreda Lewis; with a foreword by John Galsworthy. E-tekst ved hathitrust.org
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Ethelreda Lewis, Toledo Blade, Aug 2, 1946
- ↑ Chapter Two - The year with the ICU: 1921 - 1926, South African History Online
- ↑ Cedric J. Robinson, Forgeries of Memory and Meaning: Blacks and the Regimes of Race in American Theater and Film Before World War II
- ↑ Søk i Bibsys
- Ethelreda Lewis på NNDB
- Ethelreda Lewis og R. Hernekin Baptist ved unz.org