Ethnikí Odós 8a
Ethnikí Odós 8a (EO8a) er ein bomveg i periferiane Attikí, Peloponnes og Vest-Hellas i Hellas. Han forbind Aten med Korint og Pátra. Vegen vart bygd på 1960-talet og erstatta Ethnikí Odós 8 til Peloponnes, og går forbi dei fleste byane. Ethnikí Odós 8a vart gradvis oppgradert til ein motorveg, Autokinitódromos 8. I 2012 vart den austlege delen av motorvegen mellom Korint og Elevsína fullført.[1]
Ethnikí Odós 8a eller Autokinitódromos 8 startar aust for Elevsína, der det delar av Ethnikí Odós 8 er begrensa til to køyrebaner. Mellom Mégara og Kinéta går motorvegen gjennom fleire tunnelar. Den utvida delen sluttar i nærleiken av Korint, der han fortsett har begrensa tilgang til nokre køyrebaner. Vegen er i den vestlege enda forbinda med Autokinitódromos 5, i nærleiken av Rio, nordaust for Pátra.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Greek National Road 8A» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2012.
Fotnotar
endre- ↑ Motorways-Exits, accessed 31 July 2012