59°39′11″N 5°52′52″E / 59.65306°N 5.88111°E / 59.65306; 5.88111

Søraustre delen av Etnefjorden, Osvågen, sett frå Europaveg 134.
Foto: Michael Spiller

Etnefjorden er ein fjordarm av Ølsfjorden og Hardangerfjorden i Etne kommune i Sunnhordland. Fjorden har innløp mellom Dreganeset i Vindafjord kommune (tidlegare Ølen) i sør og Børkjenesklubben i nord, og strekkjer seg 8,5 km austover til Etnesjøen, kommunesenteret i Etne.

Eit stykke inn i fjorden deler han seg i to greiner. Den eine går søraustover og vert kalla Osvågen, medan den andre går nordaustover og vidare inn til Etne. Rundt Osvågen ligg det fleire gardar som Osnes, Eiriksvik, Gjerdsvik og Eikanes. Ved Etnesjøen, inst i fjorden, munnar Etneelva ut.