EuroPark AS vart skipa i 1979 og var norskeigd heilt fram til 1999. Selskapet vart då kjøpt opp av APCOA Parking, det største parkeringsselskapet i Europa.

EuroPark-parkeringshus på Trondheim lufthamn

EuroPark driv parkeringsplassar og –hus for offentlege og private oppdragsgivare. Selskapet har hovudkontor i Oslo. I løpet av dei siste 25 åra har selskapet utvikla seg til å vere den største aktøren innan parkering i Noreg. EuroPark har systerselskap i Danmark og Sverige.

Kjelder

endre