Europa Clipper er ein NASA-romsonde på veg til jupitermånen Europa. Romsonden vil gjera fleire passeringar av Europa i staden for å gå i bane kring månen. På denne måten vil romsonden vera minst mogeleg inne i strålebelta kring Jupiter og soleis kunna vara lenger.[1] Europa Clipper vart skoten opp 14. oktober 2024 med ein SpaceX Falcon Heavy-bererakett og er venta å gå inn i bane kring Jupiter i april 2030.[2]

Illustrasjon av Europa Clipper over Europa
Stråling kring Jupiter
Oppskytinga av Europa Clipper

Romsonden har ni instrument og får straumen sin frå solsellepanel. Med solsellepanela og radarantennene er Europa Clipper ved oppskytingstidspunktet den største interplanetariske romsonden utvikla av NASA nokosinne.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Europa Clipper Mission» - NASA
  2. «Liftoff! NASA’s Europa Clipper Sails Toward Ocean Moon of Jupiter». NASA. 14. oktober 2024. Henta 26. oktober 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre