Evje stavkyrkje
tidl. stavkyrkje i Evje og Hornnes
58°35′58″N 7°49′53″E / 58.599312°N 7.831335°E Evje stavkyrkje stod om lag 20–25 meter aust for dagens Evje kyrkje. Kyrkja er omtala som «ecclesia de Uio» i 1327 i dei pavelege nuntienes rekneskapsbøker.[1] Lite er kjent om utsjånaden til stavkyrkja, men i 1662 vart det gjeve ordre om å rive svalane og kle veggane med bord. Evje fekk ny kyrkje i 1833. Ein munnleg tradisjon frå den gongen vil ha det til at kyrkja som vart riven, var 166 år gamal, altså frå 1667. Muligens tyder det at ombygginga var så omfattande at resultatet vart rekna for ei ny kyrkje.
Lite er kjent også om inventaret i stavkyrkja, men ei altartavle frå 1820 er bevart på Norsk Folkemuseum.
Kjelder
endre- Jan Brendalsmmo og Jan-Erik G. Eriksson: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Aust-Agder fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 52.
- Lorentz Dietrichson (1892). «Evje kirke». De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 484.
- Bjarne Nenseter (1992). «Evje kyrkje». På kirkevandring i Aust-Agder. Arendal: Kilden forlag. s. 92-93. ISBN 82-7627-003-4.
Fotnotar
endre- ↑ P.A. Munch, red. (1864). Pavelige Nuniters Regnskabs- og Dagbøger, førte under Tiende-Opkrævingen i Norden 1282 –1334. Brögger & Christies Bogtrykkeri. s. 24.
Bakgrunnsstoff
endre- Evje stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren