Ex gratia er eit latinsk uttrykk som oftast vert brukt i ein juridisk samanheng, og tyder at ein gjev ei erstatning, ikkje fordi ein må, men for å få «saka ut av verda». I Noreg er utbetalingane til krigsseglarar frå den andre verdskrigen kopla til saka om Nortraships Sjømannsfond eit typisk døme på ei ex gratia-utbetaling.

Kjelder endre

Wikipedia på bokmål oppgav denne kjelda:

Bakgrunnsstoff endre