Fåberg stavkyrkje

Fåberg stavkyrke var ei stavkyrkje i Fåberg, i det som no er Lillehammer kommune.

Kyrkja vart truleg bygd mellom 1150 og 1200. Moglegvis vart ho utvida til krosskyrkje, og ho fekk nytt tårn i 1633. Kyrkjelyden kjøpte stavkyrkja på kyrkjeauksjonen i 1723, og bygging av ny kyrkje på same tomta tok til ganske raskt. Denne kyrkja vart innvigd 23. februar 1727.

Portalen endre

 
Portal frå Fåberg stavkyrkje
Foto: John Ering Blad

Det er teke vare på ei rekkje gjenstandar frå stavkyrkja. Best kjent er ein portal på utstilling i Oldsaksamlinga i Oslo. Portalen er av Sogn-Valdres-gruppa. Heile overstykket til portalen manglar. Gangjarna på døra er enkle, men ring- og låsbeslaga er svært kunstneriske. Desse er laga på 1300-talet.[1]

Andre gjenstandar frå stavkyrkja endre

Oldsaksamlinga skal ha fleire portalar frå kyrkja og andre gjenstandar, blant dei eit krusifiks og ei skapdør som skal ha vore ein del av ei altartavle, truleg eit triptykon av Hitterdalsmeisteren.

Hovuddøra frå den gamle kyrkja vart teken i bruk som hovuddør i den nye kyrkja. Ei gravhelle frå 1202 er å finne i våpenhuset. På Maihaugen finst eit mellomalderkrusifiks frå kyrkja og ei almissetavle frå 1668.

Fotnotar endre

  1. Middelaldersalen i Historisk Museum. Oslo: Universitetets kulturhistoriske museer , Oldsaksamlingen. 2000. s. 9. ISBN 82-7181-160-6. 

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre