Færøyna

(Omdirigert frå Færøy)

61°12′43″N 04°50′00″E / 61.21194°N 4.83333°E / 61.21194; 4.83333

Færøyna
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Solund kommune
Høgaste punkt Gudalsfjellet, 55 moh.
Kart
Færøyna
61°12′43″N 4°50′00″E / 61.21182°N 4.8334°E / 61.21182; 4.8334

Færøyna er ei øy nord i Solund kommune i Vestland. Øya er tre kilometer lang nord-sør og 1,5 kilometer brei på det breiaste. Ho er veglaus. Rutebåt frå Saltskoren til Hersvik på Sula stoppar her ved tinging. Øya har vore busett iallfall sidan mellomalderen. Ho fekk elektrisk kraft i 1951. I 1963 vart det bygd ein molo som betra hamna på vestsida av øya.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2]
44 60

Kjelder endre

  1. Folketeljing 1801 for Askvoll prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Solund herred, frå Digitalarkivet
  • Alf Steinsøy, Solund - Gards- og ættesoge til 1982, bd. II (Solund Sogenemnd, 1982)