Føniks

(Omdirigert frå Føniksfuglen)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Boka Fugl Føniks.

Føniks (frå gresk φοῖνιξ, 'purpurraud') eller fugl føniks er ein mytologisk fugl som brenn opp og så gjenoppstår.[1]

Brennande føniksar. Illustrasjon frå den arabiske Kitab al-bulhan, 'Underboka' laga mellom 1390 og 1450.

I gresk mytologi levde fuglen i 500 år før han brende seg sjølv og så stod opp att.[1]

I overført tyding kan einkvan som reiser seg frå det ein har rekna som fortaping kallast ein fugl føniks.[1]

Kjelder

endre