Førkolumbisk
(Omdirigert frå Før-kolumbisk tid)
Termane førkolumbisk og prekolumbisk vert nytta til å referere til kulturane i «den nye verda» i tida før Europa gjorde monaleg påverknad på desse kulturane. Medan førkolumbisk reint teknisk skildrar tidsbolken før Christopher Columbus landa i Bahamas i 1492, har den praktiske bruken av termen òg inkludert kulturar blant innfødd folkesetnad slik dei heldt fram å utvikle seg fram til dei vart erobra eller sterkt påverka av folk frå Europa opp til mange tiår etter 1492.
Døme på sivilisasjonar i «den nye verda» som ein kallar førkolumbisk er aztekarane og maya i Mesoamerika og inka, moche og chibcha i Andes.