Førepollen er ein fjord på vestsida av Langøya i Bø i Vesterålen kommune i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 4 km nordaustover til Straume.

Fjorden har innløp mellom Søbergshagan i nord og Fjærvollklubben i sør. Grenda Søberg ligg på nordsida av fjorden like aust for Søbergshagan. Tvers over fjorden for Søberg ligg grenda Føre, som har gjeve namn til fjorden. Ei anna grend lenger nord på austsida er Forøya. Ved Forøya smalnar fjorden inn og vert kalla Skjørisen. Denne delen av fjorden går inn til botn ved tettstaden Straume.

Riksveg 820 går langs austsida av fjorden, medan Fv903 går langs den indre delen av vestsida.