Opna hovudmenyen

Fərid Məmmədov

aserbajdsjansk songar

Fərid Məmmədov (fødd 30. august 1991 i Baku) er ein aserbajdsjansk songar.

Fərid Məmmədov
Farid Mammadov at Eurovision 2013.jpg
Fərid Məmmədov (t. h.) saman med to dansarar under Eurovision Song Contest 2013
Fødd30. august 1991
FødestadBaku i Aserbajdsjan
FødenamnFərid Məmmədov
OpphavAserbajdsjan
Aktiv2000–i dag
InstrumentVokal
Verka somSongar

Milli Seçim Turu 2013Endra

79 artistar deltok i til saman åtte ulike semifinalar i Milli Seçim Turu 2013, der dei song ulike songar. Éin deltakar gjekk vidare frå kvar av dei seks fyrste semifinalane, medan to gjekk vidare frå dei to siste. Məmmədov vart fyrst valt ut til å delta i den sjette semifinalen. Då han gjekk vidare til finalen deltok han med den engelskspråklege songen «Hold Me». Vinnaren vart valt ut av ein jury samt telefonrøysting.

Semifinale 6Endra

Han starta som nummer sju, etter Chinara İsmayılova og før Arzu Salimova. Məmmədov vann med tolv poeng og gjekk vidare til finalen.

FinalenEndra

Songen starta som nummer ni, etter «Lovely King» av Ravana Aliyeva og før «Sleazy Mo» av Aysel Babayeva. Bidraget vann og får representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2013.

Eurovision Song Contest 2013Endra

Sidan berre Frankrike, Italia, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Aserbajdsjan vart valt ut til å delta i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 2Endra

Songen vil starte som éin av dei åtte fyrste.

KjelderEndra