F-type-asteroide
(Omdirigert frå F-typeasteroide)
F-type-asteroidane er ei heller sjeldan gruppe av karbonhaldige asteroidar som passar inn i den breiare C-gruppa.
F-typen er stort sett liknande på B-typen, men manglar vassabsorpsjonstrekka nær 3 μm som hintar til hydrerte mineral, og er forskjellig i den lågare delen av det ultrafiolette spektrumet, bølgjelengder under 0,4 μm.
F-typen og B-typen er ikkje forskjellige under kriteria brukte i SMASS-klassifiseringa, så her er dei i same gruppe under B-typen.