Fagleg-politisk
Fagleg-politisk vil seia at noko grip inn i politikken og fagrørsla samstundes. Omgrepet er vanleg på venstresida i politikken, sidan sosialistiske parti tradisjonelt har vore tilknytt eller sympatisert med fagrørsla. Både politiske parti og fagorganisasjonar driv med det dei kallar fagleg-politisk arbeid.
I Noreg er omgrepet mest kjend i samband med Arbeidarpartiet sitt «fagleg-politiske samarbeid» med LO. Mange stader i landet har ein oppretta fagleg-politiske utval, og det er tett kontakt mellom leiingane i dei to organisasjonane. Den store graden av formelt samarbeid kjem av at det var LO som i utgangspunktet skipa partiet. Dette samarbeidet har vorte kritisert for å vera udemokratisk, av parti på høgresida.