Tolstoj eller Tolstoy (russisk Толсто́й) er ein framståande russisk adelsfamilie som hadde grevestatus i Tsar-Russland. Familien har hatt stor innverknad på russisk politikk, militærhistorie, litteratur og kunst. Den best kjende medlemmen er forfattaren Lev Tolstoj (Leo Tolstoj).

Slektsåpvenet til Tolstoj-ætta

Familien stammar frå Andrej Kharitonovitsj Tolstoj, som flytta frå Tsjernigov til Moskva og tente under Vasilij II av Moskva på 1400-talet. Namnet «Tolstoy» er avleidd frå det russiske adjektivet tolstyj (толстый), som tyder 'tjukk, feit, kraftig'.

Sidan den russiske revolusjonen har fleire medlem av familien Tolstoj slått seg ned i andre land som Sverige, Tyskland, Storbritannia, Frankrike og USA.

Tolstoy i Sverige endre

Sonen til Lev Tolstoj, grev Lev Tolstoj (1869–1945), flytta til Sverige og var gift med Dorothea (Dora) Westerlund, dotter av doktor Ernst Westerlund i Enköping. Dei har etterkomarar med etternamnet Tolstoy, Paus, Ceder og andre namn, blant anna songaren Viktoria Tolstoy (opphavleg Kjellberg). Etterkomarane hans i Pausfamiljen eig godset Herresta.[1]

I Sverige er ætta medlem av Ointroducerad adels förening. Ho skriv namnet «Tolstoy».

Kjende medlemmer endre

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Nikolai Puzin, The Lev Tolstoy House-Museum In Yasnaya Polyana, 1998, med ei oversikt over etterkomarane til Leo Tolstoj.