Famitsu (ファミ通 Famitsū), tidlegare Famicom Tsūshin, er ein serie av japanske dataspelmagasin utgjevne av Kadokawa Game Linkage (tidlegare kjent som Gzbrain), eit underselskap av Kadokawa. Famitsu er publisert både i vektentlege og månadlege format, i tillegg til utgåver som er vigde berre til ein konsoll, eit dataspelselskap eller eit anna tema.

Namnet Famitsu er eit samantrekt ord av Famicom Tsūshin; (ファミコン通信 , offisielt omsett som Famicom Journal) Av ordet «Famicom» som også er eit samantrekt ord av «Family og Computer», som er det japanske namnet på Nintendo Entertainment System, den dominerande spelkonsollen i Japan i 1980-åra.

Kjelder endre

  Denne dataspelartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.