Fanny Schnelle
Fanny Schnelle (30. november 1866–31. januar 1953) var ein norsk politikar for Frisindede Venstre, kvinnesaksforkjempar, lærar og filantrop.
Fanny Schnelle | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. november 1866 |
Død |
31. januar 1953 (86 år) |
Yrke | politikar |
Politisk parti | Frisindede Venstre |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Virke
endreSchnelle var sentralstyremedlem i Frisindede Venstre frå 1910 til 1915 og representerte partiet i Bergen bystyre og formannskap; ho var den fyrste kvinna i Bergens formannskap.[1] Ho var kandidat i stortingsvalet i 1930. Ho hadde også ei rekkje andre offentlege verv, som medlem av skolestyret, helserådet, boligrådet og ei rekkje komitear. I åra etter fyrste verdskrigen var ho aktivt engasjert i humanitært arbeid som medlem av hungersnaudkomiteen og komiteen for barn frå svoltramma land.[2]
Schnelle var aktiv i kvinnerørsla, som leiar i Bergens Kvinnesaksforening gjennom 25 år. Ho blei skildra som den ubestridte leiar av kvinnerørsla i Bergen.[3] På nasjonalt nivå var ho 1. nestleiar i paraplyorganisasjonen Norske Kvinners Nasjonalråd (NKN) 1910–1919 og 2. nestleiar 1925–1929; ho blei æresmedlem i NKN i 1932.[2][4]
Utmerkingar og interesser
endreFanny Schnelle var opptatt av vitskap. I 1898 starta ho og veninnene hennar ein tennisklubb, Bergens Lawn-Tennis Club. Ho utdanna seg ved Kungliga Gymnastiska Centralinstitutet i Stockholm, og seinare etablerte ho Bergens gymnastiske ortopediske institutt i Bergen. Schnelle har dessutan vore lærarinne ved ein høgare jenteskule i Baltimore, USA. Ho hadde ein solid økonomi og eigde ei bygning i Christian Michelsens gate saman med systera.
Schnelle mottok Kongens fortenestemedalje i gull i 1936.[5] Ho stod også for ein stor donasjon til det kjemiske instituttet ved Universitetet i Bergen. Eit relieff av ho blei avduka i 1956.[6]
Familie
endreFanny Schelle var dotter av meklaren Gerhard Schnelle (død 1908) og Bergitte Kruger (død 1924). Ho hadde seks sysken. Familien var av tysk herkomst, men hadde budd i Bergen i generasjonar.
Kjelder
endre- ↑ Carstens, Svein (1987). Det Frisinnede Venstre 1909–1927. Trondheim: Universitetet i Trondheim.
- ↑ 2,0 2,1 Bergens tidende. 28. november 1941.
- ↑ Bergens Arbeiderblad. 2. februar 1953.
- ↑ «En kjent bergenserinne død». Nationen. 6. februar 1953. s. 7.
- ↑ «Fanny Schnelle, som fikk fortjenstmedaljen i gull». Aftenposten. 11. desember 1936. s. 14.
- ↑ «Relieff av donatoren Fanny Schnelle avduket». Aftenposten. 1. februar 1956. s. 7.
- Denne artikkelen bygger på «Fanny Schnelle» frå Wikipedia på bokmål, den 21. mars 2023.