Fantasy InLaiv vart danna i år 2001, og går under tilnamnet "Laivforeningen fra Mørkeste Oslo". Foreininga vart fyrst danna med hovudfokus på å rekruttere nye laivarar i Oslo/Akershus, men tok til å arrangere Laiv, også kalla levande rollespel.

November 2003 heldt dei sin fyrste laiv, "Det Siste Gildet". "Det Siste Gildet" var ein mini-laiv sett til deira sjølvkomponerte fantasy-verd, Stulaaria. I juli 2005 heldt dei sin første storlaiv, "Stulaaria 1 - Bryllupet", som igjen vart det fyrste kapittelet i ei soge delt opp i tre storlaivar i gruppa sin regi.

Foreininga har også arrangert årlege mini-laivar; "Fantasy Inlaivs julebordlaiv". Under denne tittelen laga dei sitt eige såpeoperaunivers i laiven "Kanapé, Arsenikk og Begjær". Dette universet vart brukt i spelet "Eksperimentet" året etter. I 2007 heldt foreininga julebordslaiven "Fabler, Frender og Fiender", ei hyllest til Bill Willinghams teikneseriehefte Fables. Dei har også spela i ei verd med superheltar i laiven "S.O.S. - En super samling helter" i 2008.

I september 2006 vart Fantasy InLaiv registrert i Brønnøysundregistra med organisasjonsnummer 890 315 852, og dei registrerte www.fantasyinlaiv.no.

Fantasy InLaiv vart etter dette primært ei arrangørforeining.

Levande Rollespel haldne av Fantasy Inlaiv endre

  1. Det Siste Gildet (nov. 2003)
  2. Stulaaria 1 - Bryllupet (juli 2005)
  3. Kanapé, Arsenikk og Begjær (julebordslaiven 2005)
  4. Eksperimentet (julebordslaiven 2006)
  5. Stulaaria 2: Lysets Barn (juli 2007)
  6. Fabler, Frender og Fiender (julebordslaiven 2007)
  7. S.O.S. - En super samling helter (julebordslaiven 2008)
  8. Stulaaria 3: Gudenes sirkel (juli 2010)
  9. Kanapé, Arsenikk og Begjær 2 - Nye tider (julebordslaiven 2010)

Fantasy Inlaiv sitt styre endre

Foreininga sine styremedlemmar er alle ansvarlege arrangørar av foreininga sine levande rollespel.

  • Leiar Rolf Tommy Næss, Grunnleggar og hovudaktøren bak Stulaaria-verda.
  • Økonomiansvarleg Martin Eckhoff Andresen, Vart med i 2003 og er foreininga sitt drivjern når det kjem til det organisatoriske.
  • Praktisk ansvarleg Ann-Kristin Sigde, Vart med i 2003 og er ansvarleg for laivane måltida og liknande på laivane.

Bakgrunnsstoff endre