Fargesirkelen er eit skjema over fargestoffa. I fleire hundre år har ein prøvd å finne eit system der ein kunne nytte fargane på best mogleg måte. Det er fleire oversikter over fargane, m.a.:

  • Ittens fargesirkel
  • NCS-fargelekam
  • NCS-fargesirkel
  • NCS-fargetrekant

NCS (Natural Colour System) er eit standardisert kommunikasjonsystem for fargar, også kalla det naturlege fargesystemet.

Fargane endre

Primærfargar endre

Primærfargane eller grunnfargane er gult, raudt og blått. Desse kan ein ikkje blande seg fram til.

 

Sekundærfargar endre

Sekundærfargane er fargane ein får når ein blandar to av primærfargane. Dette er dei tre fargane grøn, lilla og oransje. Ein får grøn av å blande gult og blått, lilla av å blande raudt og blått, medan ein får oransje av å blande raudt og gult.

Tertiærfargar endre

Tertiærfargane er dei fem fargane raudoransje, raudfiolett, blåfiolett, blågrøn og gulgrøn.

Fargekontrastar endre

Kontrast har ein når ein tydleg kan skilje fargane frå kvarandre.

Mengdekontrast endre

Mengdekontrast eller kvantitetskontrast er storleiksforholdet mellom to eller fleire fargeflatar. Fargeforskaren Johannes Itten sette opp eit skjema uttrykt med tal for fargeforholdet til primær- og sekundær-fargane. Brukar ein til dømes ein rein gulfarge og ein rein fiolettfarge, må ein ha 3 delar grønt og 9 delar fiolett for at ikkje ein av fargane skal stikke seg ut. Her er skjemaet:

Gult Oransje Raudt Fiolett Blått Grønt
3 4 6 9 8 6

Kald-varm-kontrast endre

Den største kald-varm-kontrasten ein kan få er mellom raudoransje og blågrønt. Me får ein kald-varm-kontrast når varme og kalde fargar blir sette opp mot kvarandre. Kalde fargar er t.d.: blå, grøn og lilla. Varme fargar er t.d.: oransje, gul og raud.

Kjelder endre