Fargo
Fargo er, med sine vel 105 000 ibuarar den mest folkerike byen i delstaten Nord-Dakota i USA. Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Cass County. Fargo ligg søraust i delstaten, ved vestbreidda av elva Red River, der han grensar mot delstaten Minnesota og mot byen Moorhead, som ligg på austbreidda av Red River.
Byen Fargo vart grunnlagt i 1871 og er oppkalla etter William Fargo. Fargo er eit senter for varehandel, kulturelle aktivitetar, helsestell, undervisning og industriverksemd. Fargo hyser North Dakota State University.
Folkesetnad
endre92,4 % av ibuarane i Fargo er klassifisert som kvite, medan afro-amerikanarar utgjorde 2,5% og var den største minoriteten. Av ibuarane med europeiske anar dominerte folk av tysk og norsk avstamning, med høvesvis 42,7 og 35,0 %.
Bilete
endre-
Fargo Theater
-
Sentrum
-
Bygningar i sentrum
-
Arenaen Civic Center
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fargo» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2013.