Farisearar var ei filosofisk grein av jødedommen. Jødedommen delte seg i fleire filosofiske greiner. Blant desse fann ein; farisearar, sadukeerar, seloter og esseerar.

Kristus i heimen til farisearen, målarstykke av Jacopo Tintoretto, etter Luk. 7,36 [1]

Farisearane var skriftlærde. Det som skilde farisearane frå dei andre gruppene var at farisearane trudde på, og levde etter «fedrenes overleveringer», altså den muntlege lova som stamma frå Moses.

I kristendommen er ofte farisearane vorte sett ned på, på grunn av at Jesus stadig kom i diskusjon med dei. Jesus stod for ei meir praktisk tolking av Talmúd enn farisearane. Det nye testamentet fortel om Jesu verop over farisearane,[2] medan det er teikna eit meir sympatisk bilete av farisearen Nikodemus som Jesus hadde ein nattleg samtale med.[3]

ReferansarEndra

  Denne religionsartikkelen som har med historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.