Vesenet fe
Ei fe er ein overnaturleg kvinneskapnad med magiske evner. I norsk samanheng er gode og vonde feer særleg kjende frå europeiske eventyr som «Askepott» og «Tornerose». Feer kan gje magiske gåver, men også ta dei bort og kasta forbanningar.
Ordsoge
endreOrdet «fe» kjem opphavleg frå italiensk fata, 'skjebne', og er knytt til dei antikke skjebnegudinnene, kjende som fata på latin. Det avleidde franske ordet fée (i eintal) viser til ei trolldomskunnig kvinne eller kvinneliknande vesen, til dømes la Fée Morgane eller Morgan le Fay frå kong Artur-sogene. Fées i fleirtal kan derimot visa til alle slag underjordiske vesen, på same måte som engelsk fay eller fairy. Nyare førestillingar blanda saman desse tydingane, slik at moderne førestillingar om feer kan sjå dei som små kvinnelege alvar med vengjer, til dømes som Tingeling i Peter Pan-forteljingane frå byrjinga av 1900-talet.
I moderne populærkultur blir feer ofte framstilt med tryllestav og gammaldagse klede, særleg den kjegleforma hatten hennin.
-
Illustrasjon til Charles Perrault-eventyret «Askepott». Fea som hjelper Askepott har normal storleik, men er kledd i flotte, gammaldagse klede, mellom anna hennin.
-
Illustrasjon til ei engelsk gjenforteljing av Askepott-eventyret frå 1909. Fea er litt mindre og meir overjordisk enn Doré si. Ho har på seg hennin.
-
Liljealv, eller -fe, eit lettkledd kvinnevesen med sommarfuglvengjer i eit måleri av Luis Ricardo Falero frå 1888.
Kjelder
endre- «fay, n.2» i Oxford English Dictionary
- «fe» i Nynorskordboka.