Ei feilslutning er eit samleomgrep for argument som har ei logisk form som ikkje er gild, med andre ord logisk ukorrekt.[1] Formelle, eller formallogiske argumentasjonsfeil vert handsama innanfor den formale logikken. Uformelle argumentasjonsfeil vert handsama innanfor den uformelle logikken under samleomgrepet tankefeil (engelsk: fallacy fallacies). Feilslutning er eit omgrep som vert brukt i kritisk tenking innanfor filosofi. Likskapen for alle feilslutningane er at dei har eit resonnementmønster som involverer eit særskilt mistak.

Døme på feilslutningar endre

  • Komposisjon – å seia at noko er sant for ein liten del av ein heilskap, og dermed argumentera for at det må vera sant for heilskapen. Til dømes: Mitt klimafotavtrykk påverker ikkje klima, ikkje hans, hennar eller deira klimafotavtrykk heller, difor påverker ikkje menneskja sine klimafotavtrykk klimaendringane.
  • Falsk dilemma – to alternative utsegn er gitt som dei einaste mogelege alternativa når det i røyndomen er fleire.
  • Inndelingsfeil – å seia at noko er sant for ein samansett ting, og dermed argumentera for at det må vera sant for einkvar eller flesteparten. T.d. Noreg er eit rikt land, difor er alle nordmenn rike.
  • Einstydande (equivocation) – å påstå at to eller fleire utsegn er det same, når dei ikkje er det. T.d. Skulen har ei sukkerfri kantine, eple inneheld sukker, difor burde ein ikkje selja eple i kantina.
  • Skråplansargument (slippery slope) – å hevda viss ein tillèt handling A, så vil dette føra til uakseptable konsekvensar B, konklusjonen er er difor at A ikkje er akseptabelt. T.d. det byrjar med marijuana, og endar opp med heroin.
  • Sirkulært argument (circulus in demonstrando) – å byrja eit argument med det hen freistar å enda opp med. T.d. alle ungkarar er ugifte menn eller X hadde ein flott tale, fordi X er ein god talar.
  • Overgeneralisering (secundum quid) – å trekkja ein konklusjon om alle eller alltid basert på nokre tilfelle. T.d. eg kjenner berre folk som vil røysta X, difor vil partiet Y tapa valet eller eg strøyk på éin eksamen, difor kjem eg aldri til å fullføra utdanninga mi.
  • Post hoc, ergo propter hoc (latin for «etter dette, difor på grunn av dette») – X hende, deretter hende Y; difor forårsaka X Y.
  • Appell til steinen (argumentum ad lapidem) – å kalla ein påstand for absurd utan å grunngje kvifor.
  • Uvitande (argumentum ad ignorantium) – å meina at ein påstand er sann fordi den ikkje kan verta stadfesta som falsk.
  • Ad hominem – å kritisera personen i staden for argumentet hans. Dei kan vera saklege eller usaklege. T.d. Det er ikkje vits å lesa boka til X, fordi hen hadde inga utdanning.
  • På bakgrunn av autoritet (argumentum ad verecundiam) – ein påstand som verker sann på grunn av posisjonen eller autoriteten(ekspertisen) til han som hevdar den.
  • På bakgrunn av natur – å meina at alt som er «naturleg» er godt, medan alt «unaturleg» er dårleg. T.d. er ein sjuk, er urtete betre enn medisinar, fordi medisinar er kunstig.
  • På bakgrunn av folkemeining (ad populum) – å hevda at noko er sant eller godt berre fordi eit fleirtal eller mange menneske trur det. T.d. fjern nynorsk, fordi nesten ingen brukar det lenger.
  • På bakgrunn av genetikk – å konkludera basert på noko eller nokre sitt opphav i staden for tydnad og kontekst. T.d. foreldra mine fortalde meg at X er farleg; difor er X farleg.
  • Stråmann argument (strawman) – å tolka eit synspunkt eller eit argument på ein forkjært og forenkla måte, feilrepresentasjon av ein motstandar sitt argument ved å utvida eller innsnevra omfanget av eit premiss og/eller tilbakevisa ein veikare versjon av deira argumentet. T.d. folk som ikkje stør den føreslåtte statlege minstelønnsaukinga hatar dei fattige.[2]

Kjelde endre

  1. «Ordbøkene.no - Bokmålsordboka og Nynorskordboka», ordbokene.no (på norsk), henta 9. september 2022 
  2. Lab, Purdue Writing, «Fallacies // Purdue Writing Lab», Purdue Writing Lab (på engelsk), henta 10. september 2022 

Litteratur endre

Morrow, D. R. (1. september 2017) Giving Reasons: An Extremely Short Introduction to Critical Thinking. Hackett Publishing Company. p. 59-62, p. 78-82. ISBN 9781624666223.

Sjå òg endre