Ferdinand Lunde

norsk målar

Ferdinand Lunde (21. juli 191021. april 1981) var ein norsk målar, fødd i Berlin og død i Oslo.[1]

Ferdinand Lunde

Fødd 21. juli 1910
Berlin
Død

21. april 1981 (70 år)
Oslo

Yrke kunstmålar
Ektefelle Aase Asp Lunde

Lunde gjekk i målarskule hos Bjarne Engebret og seinare på Statens kunstakademi. Seinare starta han sjølv målarskule i Oslo, saman med Aase Asp Lunde, og «er mest kjend som pedagog».[1] Ei tid var han formann i Unge Kunstneres Samfund.[1]

Han måla helst landskap, oftast i friske fargar. Motiv fann han på stader som Hadeland, Skåtøy og Tjøme, fleire motiv syner tre og skog. Elles måla han bybilete frå Oslo, figurbilete, portrett og stilleben. Han nytta ei «forenkla naturalisme med få detaljar» og la stor vekt på komposisjonen. Bileta hans vert sagt å ha «ei stillferdig ro og reflektert holdning» i Norsk kunstnerleksikon.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Alfsen, Glenny (4. juli 2013). «Ferdinand Lunde». Norsk kunstnerleksikon. Henta 9. februar 2019.