Festo eucharistias

Festo eucharistias, «Takksigelses Fest», var ein takkefest som vart markert i dei norske kyrkjene 13. januar (det vil seie tjuande dag jul) frå 1720 til 1766.

Dagen vart feira med gudsteneste til takk for at den store nordiske krigen hadde tatt slutt, etter at Karl XII fall ved Fredrikshald og general Armfeldt gjorde den katastrofale tilbaketrekkinga si frå Trøndelag, og dei siste svenske troppane var ute av landet 13. januar 1719. Dagen vart markert med takkegudsteneste, offisielt fram til 1766, då den danske prinsessa Sofia Magdalena vart gift med den svenske kronprinsen Gustaf (III).