Filmen Onward

«Fremad» omdirigerer hit. For Daniel Kvammen-albumet, sjå Fremad i alle retninga.

Onward (norsk tittel: Fremad) er ein amerikansk dataanimert urban fantasyfilm produsert av Pixar Animation Studios for Walt Disney Pictures. Filmen er regissert av Dan Scanlon, produsert av Kori Rae og dei engelske røystene til hovudrollene er gjevne av Tom Holland, Chris Pratt, Julia Louis-Dreyfus og Octavia Spencer.[1] Onward går føre seg i ei forstads fantasy-verd, og følgjer to alvebrør som drar på «eit tokt» for å finne ein trolldom som kan bringe den avlidne faren deira attende.

Onward
Norsk tittel: Fremad
RegiPete Docter
Produsent(ar)Dana Murray
Forfattar(ar)Pete Docter Sjå dette på Wikidata
ManusDan Scanlon Sjå dette på Wikidata
MusikkMychael Danna, Jeff Danna Sjå dette på Wikidata
DistributørWalt Disney Studios Motion Pictures Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato6. mars 2020
Lengd114 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA
Språkengelsk

Filmen hadde verdspremiere den 21. februar 2020 under Berlin International Film Festival, og vart utgjeven i Noreg den 6. mars 2020.[2] Han fekk hovudsakleg positive omtalar frå kritikarar og har tent inn over 68 millionar US-dollar verda over.

HandlingEndra

I ei verd folkesett av fabelvesen er magi daglegdags og magiutøvarar høgt vyrda. Sidan magien er vanskeleg å meistre, samtidig som teknologiske framsteg gjer liva til innbyggjarane enklare, blir bruken av magi etter kvart gløymd bort.

I ein epoke som svarer til moderne tid, bur to alvar i tenåra i byen New Mushroomton: Iandore «Ian »Lightfoot, som manglar sjølvtillit av mangel på ein farsfigur, og Barley Lightfoot, storebroren til Ian og ein ihuga rollespel- og historiefanatikar som lengtar etter å dra på ordentleg eventyr. Faren deira, Wilden, døydde av sjukdom kort tid bør Ian vart fødd og brørne bur saman med mora si, Laurel.

På 16-årsdagen til Ian gjev Lauren brørne ei gåve frå Wilden: Ein magisk stav, ein sjeldan edelstein og eit brev som skildrar ein «visitas-trolldom» som kan gjenopplive Wilden for eitt døgn. Barley prøver å kaste trolldommen til inga nytte, men Ian lukkast med det seinare den kvelden. På grunn av innblanding frå Barley blir berre den nedre halvparten av kroppen til Wilden danna att før edelsteinen smuldrar opp. For å bøte på mistaket drar brørne på «eit tokt» for å finne ein annan edelstein for å kunne utøve trolldommen om att. Mora deira finn ut at gutana er forsvunne kort etter og drar for å leite etter dei.

RollelisteEndra

Roller Engelske stemmer Norske stemmer
Ian Lightfoot Tom Holland Thomas Rikheim Fangel
Barley Lightfoot Chris Pratt Markus Bailey
Laurel Lightfoot Julia Louis-Dreyfus Laila Goody
Corey (Mantikoraen) Octavia Spencer Hedda Munthe
Colt Bronco Mel Rodriguez Egil Hegerberg
Wilden Lightfoot Kyle Bornheimer Kristoffer Olsen

KjelderEndra

  1. «Pixar's Onward: Release date, plot, cast, trailers and everything else we know» (engelsk). CNET. 10. oktober 2019. Henta 25. november 2019. 
  2. «Trailer for Pixar’s elf-filled fantasy Onward has a weird twist» (engelsk). Polygon. 10. oktober 2019. Henta 25. november 2019. 

BakgrunnsstoffEndra