Opna hovudmenyen

Finn Salomonsen (19091983) var ein dansk ornitolog. Han er best kjent for studiar av fuglefaunaen på Grønland.

Finn Salomonsen
Fødd 31. januar 1909
København
Død

23. april 1983
Ny Holte

Yrke ornitolog

Interessa hans for Grønland tok til som 16 åring, på tur til Upernavik med Eiler Lehn Schiøler. Han blei utdanna i zoologi i 1932 og blei zoologisk tilsynsførar i reservat under det danske Naturfredningsrådet, og seinare tilsett hos Zoologisk Museum ved Universitetet i København. Han arbeidde bl.a. med fugletrekk. Under andre verdskrigen flykta han med familie sin til Sverige.[1]

Salomonsen sine arbeidsresultat inkluderer vitskaplege publikasjonar og han var forfattar eller medforfattar på 19 bøker. Bortset frå forskinga på Grønland og i arktis var han på Filippinane (1951-1952) og Bismarckarkipelet i Ny-Guinea i 1962.[2] Han var redaktør av Dansk Ornithologisk Forenings Tidsskrift frå 1942 til 1961.

Finn Salomonsen var far til den danske songarinna Sanne Salomonsen, født 1955.

VerkEndra

  • Peter Freuchen og Finn Salomonsen, The Arctic Year, G.P. Putnam's Sons, New York, 1958

KjelderEndra

Referansar
  1. «Finn Salomonsens beretning om flugten til Sverige». 22. februar 2016. 
  2. Cooch, F. G. (1986). «In Memoriam: Finn Salomonsen, 1909–1983». The Auk 103 (4): 811. 

BakgrunnsstoffEndra