Fiplingvatnet
Wikimedia-fleirtydingsside
Fiplingvatnet er ein innsjø i Noreg. Han ligg heilt sør i Nordland fylke. Innsjøen er eigentleg to innsjøar, Nedre Fiplingvatnet, eller på sørsamisk Fijhpelogkoe, som ligg 364 m.o.h., og Øvre Fiplingvatnet eller Eehrtsjaevrie som ligg 366 m.o.h. Vatna er skilde med eit lite eid, over eidet renn Mellomvasselva. Aust for vatna ligg Børgefjellskolen på Bustadmoen og Børgefjell nasjonalpark.