Fjerntermometer er eit termometer som blir brukt viss temperaturen skal avlesast ein annan stad enn der han vert målt. Som fjerntermometer blir termoelement eller motstandstermometer på målestaden og millivoltmeter på avlesingsstaden mest brukt. Ved varsling av temperaturar som ikkje må overskridast nyttar ein bimetalltermometer, som sluttar ein elektrisk kontakt ved den innstilte temperaturen.

Kjelder endre

fjerntermometer. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/fjerntermometer