Fjosoken (sørsamisk Fievsuoke; frå samisk fjosokk, «tåkete sjø» eller «tåkenes sjø») er ein innsjø langs Juktån i Lappland i Sverige. Innsjøen er ca. 25 km lang, og har eit overflateareal på 13 km². Langs sjøen ligg tettstadene Berglunda og Fjällsjönäs.

Storjuktans reguleringsmagasin, som vart bygd i 1961, strekkjer seg opp i Fjosoken. Vassflata i innsjøen blir regulert mellom 410 og 412 meter over havet.

Kjelder endre